Slik kjem du deg til Volda:
Frå Bergen:
Fly:
-Widerøe frå Bergen Flesland til Ørsta/Volda Hovden (5 minutt køyring/buss unna Volda sentrum).
Dette er det raskaste alternativet.
-SAS frå Bergen Flesland til Ålesund Vigra
(Frå Vigra går det flybuss til Valderøya med hurtigbåtsamband vidare til Hareid, og derfrå med buss til Volda, eller med flybuss frå Vigra til Moa og buss vidare til Volda. Det siste alternativet går oftare, men er lengre).
Buss:
-Fjordekspressen (Nor-Way bussekspress)
Bil:
-Køyr E 39 heile vegen eller ta av mot Stryn i Førde. Det er nokre kilometer lengre, men det er ny og god veg frå Hornindal til Volda, så der går det radig.
(Er det dårleg føre, er det betre å køyre om Nordfjordeid og ta ferga frå Folkestad (Klaffar det ikkje med ferge, går det også her an å ta av på FV 15 mot Stryn og ta av når det står skilt til Volda og Ålesund i Hornindal. Dette er 3 mil lengre enn med ferga, men tek ikkje så mykje meir tid).
Frå Oslo:
Fly:
-Widerøe frå Oslo Gardermoen til Ørsta/Volda Hovden (5 minutt køyring/buss unna Volda sentrum)
Dette er det raskaste alternativet.
-SAS eller Norwegian frå Oslo Gardermoen til Ålesund Vigra

Flybussen til Valderøya korresponderer best med SAS.
Buss:
- Nettbuss (Møre-ekspressen)
(Der finst andre alternativ med byte av buss. Sjå Nor-Way bussekspress).
Bil:
Det raskaste alternativet etter at Kvivsvegen opna er gjennom Gudbrandsdalen: Køyr E6 til Otta, sving av på FV15 og køyr forbi Stryn. Ta av der det står skilt til Volda og Ålesund (i Hornindal).
Frå Trondheim:
Fly:
-SAS frå Trondheim Værnes til Vigra Ålesund

-Ekspressbuss frå Trondheim til Ålesund. Ta Nettbuss vidare til Volda (Hyppige avgangar mellom Ålesund og Volda).
(Evt: Ta Hurtigbåt til Kristiansund. Ta Nettbuss derfrå til Volda).
Bil:
Alternativ 1:
E6 til Otta. Ta av på FV15 og køyr forbi Stryn. Ta av der det står skilt mot Ålesund og Volda. (Etter Kvivstunnelen opna, er nok dette den greiaste vegen. Litt lengre, men heilt utan ferger. Sannsynlegvis den raskaste vegen no).
Alternativ 2:
E39 heile vegen (3 ferger). Dette er kortast, men då bør du sjekke fergetabellen fyrst. Særleg på strekninga Halsa-Kanestraum kan ein risikere å måtte stå over ei ferge om ein kjem rett før avgang i den travlaste tida.
Alternativ 3:
E6 til Oppdal, sving av mot Lønset og Sunndalsøra. Følg deretter skilt mot Molde. Hald deg på E39 til Volda. (På denne vegen er der to ferger).
Alternativ 4:
E6 til Dombås, ta deretter av mot Lesja. Køyr til Åndalsnes og vidare mot Ålesund. Følg skilt mot Bergen og Volda. (På denne vegen er det ei ferge).
Widerøe har i tillegg til dette avgangar til Ørsta/Volda Hovden frå: Florø, Sogndal og Sandane.
I tillegg går der direkteruter til Ålesund Vigra frå: Alicante, Riga, Vilnius, Gdańsk, Amsterdam, Gran Canaria, København og London.