Tangokurs med Carolina Alberici og Enrique Morales
Sundag 4. mai 2014
|
Hald av sundag 4. mai!
Då kjem Carolina Alberici og Enrique Morales til Volda for å halde kurs i tangodans!
Meld deg på ved hjelp av påmeldingsskjemaet nedanfor. Nybyrjarkurs: kl 12-15 Kurs for vidarekomne: kl 16.30-19.30 Milonga (dansekveld): 19.30 Pris: Vaksne: kr 500 Studentar/ungdom: kr 300 Milonga (dansekveld) med oppvising med danseinstruktørane er inkludert i prisen Berre milonga: kr 50 Ein vel sjølv kor mykje ein vil vere med på. Om ein ikkje føler seg klar for kurs for vidarekomne, men har lyst til å sjå på eller prøve seg, er det mogleg å hive seg på utan ekstra kostnad. Prisen gjeld for heile dagen og ein sleng seg med på det ein føler for. Det same gjeld om ein melder seg på kurs for vidarekomne og kan tenkje seg å vere med på nybyrjarkurset i tillegg. På kvelden etter kursa er ferdige vert det milonga (dansekveld) der ein kan bruke det ein har lært til å danse til flott musikk. Det vert òg oppvising med danseinstruktørane. På milongaen kan ein ha med seg noko å bite i og kjenner du nokon som ikkje vil vere med på dansekurset, men kunne tenkje seg ein hyggjeleg kveld ute, kan ein vere med berre på milongaen for kr 50 der ein kan ha med seg litt å bite i og sjå på dansinga og høyre på den fine musikken. For spørsmål, send ein e-post til [email protected] eller ring Øyvind Aspenes Robak på telefon 92238244. Desse argentinske tangodansarane i verdsklasse held for tida til i Japan, der dei er svært anerkjende. Om de hugsar Yuzuru Hanyu, den rekordunge vinnaren i kunstlaup i Sotsji-OL, kan det nemnast at Carolina Alberici har undervist han i musikalitet og uttrykk sidan 2010! Det vil verte arrangert kurs både for nybyrjarar og andre nivå. Kurset er eit samarbeid mellom Tangofestivalen i Volda og Ålesund kammermusikkfestival. |