Faste tangokurs i VoldaRett før jul 2018 starta det opp regelmessige tangokurs i Volda. Det skjer to måndagar i månaden kl 1700.
Det vert jobba med ei nettside for all tangoaktivitet på Sunnmøre og i Stryn, og det vert ein organisasjon som også kjem til å drive tangofestivalen framover. Her kjem oppdateringar. Dette gjer at informasjonen som vert lagt ut på www.tangofestivalen.no fyrst og fremst har med denne festivalen å gjere, medan all annan tangoaktivitet (både dans og musikk) resten av året vert lagt ut på den nye sida. Her kjem òg info om tangofestivalen på den nye sida, men då ofte med lenkje til www.tangofestivalen.no. Mao: Det vert ikkje tangofestivalen som skal drive all annan tangoaktivitet utanom festivaltida framover, men tangoorganisasjonen som driv tangofestivalen i tillegg til den andre aktiviteten. Innføringskurs i tangomusikk, Ørsta
|
TangoBaroque
Sundag 31. januar kl 1800 i Volda kyrkje
Billettar får du kjøpt i døra:
Vaksne: kr 250, studentar: kr 150, born under 16 år: gratis
Konserten vert arrangert av Tangofestivalen i Volda i samarbeid med Senter for Tidligmusikk i Trondheim.
Her får du både barokk og lidenskapleg tango samansmelta til eit nytt og unikt uttrykk!
Per Arne Glorvigen er ikkje berre ein av dei aller fremste utøvarane i verda innan tango, han har òg gjort tangoen kjend på ein folkeleg måte som ingen annan før han har gjort. Det er vanskeleg å forlate ein av konsertane hans utan eit smil om munnen. «Per Arne Glorvigen er like mye scenekunster som musiker. Blottet for selvhøytidelighet, breddfull av humor og med sikkert instinkt drar han publikum inn i sin musikalske verden som spenner fra barokk til vår egen samtid, fra Buenos Aires til Dovrefjell.» Slik vart han skildra då han var festspelmusikar ved Festspillene i Bergen i 2006.
Per Arne Glorvigen er frå Dovre, men held til dagleg til i Paris. Der har han saman med ein annan ”eksilmusikar”, barokkcellisten Tormod Dalen frå Trondheim, skapt det fantastiske konsertkonseptet TangoBaroque. Konserten TangoBaroque blandar dei lidenskaplege tonane frå bandoneón, med barokkcelloen sin djupe klang.
Begge fòr dei til Paris på leiting etter kvar sin sjanger, Tormod Dalen for barokken og Per Arne Glorvigen for tangoen. Eit lukketreff gjorde at dei møttest her, og resultatet kan du no få oppleve i ein forrykande konsert. Saman skaper desse to framifrå kosmopolittane med kvart sitt autentiske instrument eit smakfullt møte mellom to sjangrar ein til vanleg ikkje ville tenkje at har noko med kvarandre å gjere.