Pris per dag:
Vaksne kr 300 Studentar kr 200 Samlapris for begge dagane: Vaksne kr 500 Studentar kr 300 Om du har spørsmål, eller har problem med påmeldingsskjemaet, send gjerne ein e-post til: [email protected] eller ta kontakt med Øyvind Aspenes Robak på tlf: 92238244.
|
Tangoverkstad med Matías González
Dette vil du ikkje gå glipp av!
Det vert tangoverkstad med Matías González både fredag og laurdag under tangofestivalen. Tangoverkstaden passar for alle, både amatørar og profesjonelle musikarar. Ein treng ikkje ha spelt tango før for å vere med. Ein kan velje mellom å vere med ein av dagane eller begge. Vi har svært gunstige prisar på tangoverkstaden, og i tillegg rabatt om ein deltek på begge. Prisen står nedst på sida, under påmeldingsskjemaet. Du kan melde deg på gjennom skjemaet til venstre. Skriv kva instrument du spelar eller om du er songar, og skriv gjerne litt om korleis og kva du spelar (nivå, kva musikk du er van med å spele osb), slik at vi har ein idé før du kjem, så vi kan finne passande materiale og ei passande gruppe å spele med. Vi kan sende deg notar på førehand. Matías González er bandoneonist og tangomusikar i verdsklasse. Han har, trass relativt ung alder, rukke å ha ei utruleg karrière der han har spelt ilag med svært mange av dei store tangolegendane som til dømes Leopoldo Federico, Néstor Marconi, Susana Rinaldi, Rubén Juárez, berre for å nemne nokre. Han har òg spelt i mange ulike ensemble som orkesteret til Emilio Balcarce, Gotan Project, berre for å nemne nokre få, og han har turnert svært mykje i både Sør-Amerika, Nord-Amerika og Europa. Vi er så heldige at vi har fått han til Volda heilt frå Argentina. Han er svært engasjert og engasjerande og vi håpar du vil gripe denne framifrå sjansen til å få eit unikt musikalsk møte med ein av dei verkeleg store tangomusikarane i vår tid. Kanskje får du òg høve til å spele i tangoorkester eller tangogruppe ilag med Matías González på den store avslutningskonserten, der folk dansar til musikken du spelar? |