Festivalmusikarar
Matías González
|
I år er vi så heldige å ha fått med oss ein tangomusikar i verdsklasse heilt frå Argentina! Matías González har trass relativt ung alder hatt ein stor karriere, der han har spelt saman med tangolegendar som Leopoldo Federico, Julio Pane, Rubén Juárez, Susana Rinaldi med fleire. Han har mellom anna spelt i Sexteto Mayor, orkesteret til Emilio Balcarce og Gotan Project for berre å nemne nokre av dei mange gruppene han har spelt i. Han har spelt på konsertar rundt omkring i verda, på scener som Concertgebouw i Amsterdam og Teatro Colón i Buenos Aires, i tillegg til å ha vunne fyrstepris i Hugo del Carril-konkurransen i Buenos Aires. Han har òg vore tilsett på den kjende tangoarenaen "El Viejo Almacén". I tillegg har han undervist på konservatoriet i Gennevilliers (Paris). Matías González er ein svært engasjert og engasjerande musikar, som ein absolutt ikkje bør gå glipp av på denne festivalen. I tillegg til at han skal spele på konsertar under festivalen, skal han ha tangoverkstad for folk som vil ha ei innføring i korleis ein spelar tango. Denne verkstaden vil vere både for erfarne musikarar og folk som aldri har spelt tango før. |
Tangolauget
Tangolauget er ein tangotrio med song. Repertoaret til Tangolauget eignar seg godt både til dans og til konsertar. I år skal Tangolauget i tillegg til tradisjonelt repertoar frå Argentina og Uruguay framføre tangoar i denne stilen av Øyvind Aspenes Robak med tekstar av Ivar Aasen.
Musikarane er:
Ruth Olina Lødemel (song)
Øystein Egset (gitar)
Øystein Øye (kontrabass)
Øyvind Aspenes Robak (bandoneón)
Musikarane er:
Ruth Olina Lødemel (song)
Øystein Egset (gitar)
Øystein Øye (kontrabass)
Øyvind Aspenes Robak (bandoneón)